"Literacy i digitale omgivelser"

Sidan eg skal ha ein blogg i dette studieemnet, blir det litt tull og litt bygging av erfaring. Me som tek dette emnet, skal legge ut ulike problemstillingar.


Digitale vaner:

Det første eg tek føre meg, er kvardagen til min medstudent "Lisa". For å vurdere hennar medievanar, må ho sjølv fortelje om dei: ho startar kvardagen med å  lese "BT" på nett. Etter det, mottek ho snappar frå vener. Før ho går på arbeid, sjekkar ho også e-posten på jobb, for å vere godt budd for dagen. Vel framme på jobb koplar ho seg på "classroom" på chromebook, for å legge ut arbeid til elevane: alt skulearbeid utvekslast digitalt. Skulearbeid blir følgjeleg også retta digitalt. Innimellom les ho nyheiter på NRK.

På bussen les ho snappar, og reiser heim for å lage mat. Så lastar ho ned musikk som ho skal bruke på trening. Heime igjen, om kvelden, er det avslappingstid for "Lisa". Ho kallar det "å synke ned i you-tube- hullet". Her ser ho på meiningslause ting (uttrykket er hennar eige), for då slappar ho best av,- kattevideoar og den slags blir gjenstand for merksemda hennar.

"Lisa" er ein aktiv brukar av digitale hjelpemiddel, og er dermed (truleg) på linje med andre i hennar generasjon.


Samandrag (utvida) frå litteratur: "Language and Learning in the Digital Age".(Gee & Hayes, 2011)

Kap.11: "The return of the amateur and the new capitalism"

Kor kom institusjonane i frå, og kva funksjon hadde dei? For å få svar på det, må me sjå på tida tilbake, før kunnskapen vart "institusjonalisert".

I forholdet mellom Platon og Sokrates, kan me ikkje vere sikre på kva som er stemma til Sokrates, og kva som er Platon. Sidan Platon var den som førte  pennen frå alle dialogane Sokrates hadde, og alt han sa, kan mykje av innhaldet vere eleven Platons tankar. Platon var av dei første skrivarane i Hellas og vesten. Han stolte rett nok ikkje på skrivinga, då  den ødela for den menneskelege hukommelsen. Han meinte også at skrivekunsten ville føre til at folk meinte å ha kunnskapen om ting dei eigentleg ikkje hadde kunnskap om. I tillegg var Platon redd for at skrivaren ville miste kontrollen over det skrivne, og lesaren ville kunne tolke teksten annleis enn slik han var tenkt opprinneleg. Alt dette fekk han rett i.
Platon var ein elitist, og stod for det motsette av demokratiske verdiar. Han delte skriftene sine med likemenn og med studentar, men ønska ikkje at skriftene skulle falle i hendene på "kven som helst". Dette vart mislukka, då skriftene hans spreidde seg (og la grunnlag for demokratiet, (red) og skulle bli tilgjengelege for alle i all framtid.

I middelalderen heldt munkane tankane frå antikken levande, med å kopiere, studere og oppbevare gamle manuskript. I renessansen vart dei antikke skriftene høgaktuelle og  sirkulerte rundt, hos "eliten" som kunne lese, stundom skrive.  Moderne vitskap utvikla seg, nettopp ved hjelp av skrifter. Ideen om at autoritetar som religion og statsmakt hadde hevd på sanninga vart utfordra. Empiriske prov skule no avgjere kva som var sant og ikkje.

Nettverka til desse tenkjarane var store, skriftene gjorde det mogleg å spre innflytelsen vidt og breitt. Distribusjonen gjekk seint, og bøkene var tilgjengelege for eit avgrensa publikum: dei høgt utdanna og velståande. Lese- og skrivekunsten nådde ikkje alle.

Vitskapsmennene var såkalla "amatørar", då dei mangla formell utdanning i moderne forstand. T.d heldt Darwin seg til vener og kolleger, og var sein med å få på trykk funna om naturleg seleksjon.

På 1800- talet sirkulerte vitskapleg og medisinsk litteratur i brevform, innanfor vitskaplege nettverk. Lækjarar hadde ingen utdanning , annan enn den dei fekk av å gå i lære hos andre. Artiklar kunne bli utgitt i medisinske publikasjonar, der dei delte erfaringar dei hadde gjort seg med enkeltpasientar.
Trongen for standardisering melde seg. Det viste seg at rein observasjon ikkje gav så objektive resultat som ein skulle tru, men var avhengig av auga som observerte.

Når ein trur på noko, påverkar trua det ein ser. Forventingar påverkar på same måten. Også minna som kjem i ettertid, vert påverka. På ulike laboratorier vart eksperiment prega av at forskarane var ueinige om kva forskingsresultata betydde. Standardisering av vitskaplege observasjonar vart viktig. Vitskap handla i aukande grad om å utvikle teoriar, metodar og verktøy for å kontrollere observasjonar og tolkingar. Dermed oppstod institusjonar som utvikla "profesjonalitet."

Objektive observasjonar var ikkje einaste problemet, også språket måtte ein gjere noko med. Det var ulike nemningar på same fenomen, ulike tydingar for same uttrykk, og diskusjonar om kva dei ulike nemningane skulle innebere. Språket måtte også standardiserast.
 Sidan dagens vitskaplege artiklar er standardiserte, er ingen personlege stemmer akseptable. Eit vitskapleg skriv er like mykje eit resultat av eit einsretta system, som av individuelle forskarar.

Same  tendensen har kome innan fleire arbeidsplassar, der arbeidarar med personleg utforming vert erstatta av industrielle arbeidarar som er raske og uniforme.

Standardiseringa kontrollerte både literacy og språk, og organisasjonar og globale institusjonar vart drivne likt.

Amatørens attkome: Digitale medier hjelper amatørar til å møtast i nettverk,og lærer dei opp utanfor formelle institusjonar.  Sjølv unge menneske kan ha globale nettverk gjennom ulike nettsamfunn. Dei kan få gjennomslag for sine idear i konkurranse med profesjonelle, og slik få innflytelse og respekt -utan formell godkjenning.


Kap.12: "Words, images and experiences"

Multimodale tekster blandar ord, ulike uttrykk som bilete, musikk og lydar. Desse tekstene ser me over alt, moderne lærebøker har fleire illustrasjonar og grafar enn nokon gong. Fenomenet er derimot ikkje nytt, sjølv gamle biblar kan kallast multimodale, då dei hadde illustrasjonar i tillegg til tekst. I ulike kulturar er musikk og ord alltid blitt sett saman, og nokre stader dans og dikt.

Korleis kan eit uttrykk eingentleg representere noko i seg sjølv? Her kan ein ha eit fotografi av ein fugl som døme. Er det då eit uttrykk for akkurat den avbilda fuglen, eller representerer han ei gruppe? Er det i så fall ein bestemt fugleart som er representert, eller alle fuglar generelt? I eit personleg fotoalbum kan fuglen vere noko ein har observert ein spesiell dag, i ei fuglebok vil bildet representere ein fugleart, og i ei barnebok kan den bety fuglar generelt. Eit bilete av eit tre kan òg høyre heime i ei barnebok, eller i eit kart, eller i ei bok om naturen. Eit bilete av ein bil kan kanskje høyre heime i ein reklame. Alt kjem an på konteksten og kva ein vel å gjere med uttrykket.

Eit uttrykk gir meining gjennom konvensjonar. Ein treng å vite kva ei fuglebok er, eller å lese eit kart, eller å kjenne til reklamar for å skjøne bileta som er uttrykte der. Dette skjer gjennom erfaring. Desse erfaringane heng saman med dei aktivitetane som uttrykka er knytt til (som fuglekikking, lesing, turar eller kjøp og sal).

Ein må ha uttrykka i kulturen for å skjøne dei. Eit uttrykk gir meining av to årsakar: konvensjonar og erfaringar med praksis, og menneska som brukar desse konvensjonane ( fuglekikking, fuglekikkarar, og fuglar).

Ord: Konvensjonar og erfaringar gjer at me forstår ord som "fugl" eller "demokrati". Ordboka kan gi ein omstendeleg forklaring på kva ein fugl er, utan at me treng å kjenne igjen forklaringa (me kjenner kanskje fuglen ut frå andre kriterie). Likevel veit me kva ein fugl er. Meininga av ordet er altså ikkje bestemt ut frå ein formell definisjon. Ordet "demokrati" betyr at fleirtalet i eit samfunn bestemmer, medan dei opprinnelege demokratia eigentleg var meir elitistiske.

Meininga til eit ord er er eit sett av konvensjonar av korleis dei kan bli brukte, og blir brukt ulikt  i ulike kontekstar. For å kjenne desse konvensjonane må ein ha erfaringar med ordet, dei ulike kontekstane dei blir brukte i, korleis folk som følgjer konvensjonane brukar ordet i ulike kontekstar, og korleis dei kan gi orda nye nyansar av meining i ulike kontekstar.

Ord er ulike for elevar, på ein skule, fordi dei har ulike erfaringar.
Ein brukarmanual for spel gir ikkje nødvendigvis meining, før du har spela spelet. Manualen kan vere meint brukt etter ein har prøvd ut spelet: erfaring med spelet er avgjerande for å forstå manualen.
Ordet "kaffi kan også fortone seg i ulike utgåver, og vere uttrykk for ulike erfaringar: Om ein seier "Eg sølte kaffi. Hent ein mopp" eller "Eg sølte kaffi. Hent ein kost" fortel oss om kaffien er flytande eller i pulverform.

PÅ same måten brukar ein ordet "katt" både om ein levande katt og eit katteliknande kosedyr, og til og med om det er ein porselensfigur ("katten knuste").


Då menneska kjøper varer utfrå korleis dei identifiserer seg som individ, har ein fått profitt på standardiserte produkt. I dette samfunnet, der ein baserer seg på kva slags identitet ein ønskjer seg å ha, passar multimodale tekster inn. Det blir eit naturleg uttrykk i ei verd der kreativitet og design får stor plass. Skal ein til dømes forklare korleis ein knyter ein sko, lar dette seg gjere tydelegare med ein filmsnutt enn å forklare prosessen med ord. Ny teknologi opner nye dører, og ein brukar ord så vel som andre uttrykk for å formidle kva det skal vere.


Kommentarer

  1. Lisas dag tek til med at ho vaknar tidleg, for å lese BT på nett. Før det var det alarmen på telefonen som vekte henne. Etter dette mottek ho litt snappar, så sjekkar ho jobbmailen sin før ho går på jobb. Ho kjem seg av garde. Framme på jobben skjer mykje på den digitale arenaen, for lærarkvardagen forutset det: det er berre å kome i gang med chromebooken med ein gong. Her brukar ho Classroom for å legge ut oppgåver til elevane, alle oppgåver foregår digitalt på skulen. I løpet av dagen er ho innom og rettar elevarbeid, og les litt nyhende på NRK.
    Buss er framkomstmiddel til og frå jobb. Her les ho snappar. Vel heime lagar ho mat, og går på trening mens ho høyrer på musikk ho har lasta ned.
    Om kvelden kan Lisa ta ein kjærkomen pust i bakken. Den beste måten ho slappar av på, er når ho slepp å tenkje. Då sig ho ned i
    "You tube- holet" som ho så delikat sjølv kallar det, og ser på alt mogleg rart, - nettopp for å sleppe å tenkje. Drt går i kattevideoar og alt mogleg.
    Lisa er nok ein god representant for alle som har digitale hjelpemiddel som ein integrert del av kvardagen sin, og brukar dette i ulike samanhengar med ulike føremål. Det vert ein naturleg del av kvardagen, og inkluderer både arbeid og fritid. Slik kan ho, som dei fleste i sin generasjon, boltre seg i alt det den digitale verda kan tilby. Og no har ho fått blogg i tillegg..!

    SvarSlett

Legg inn en kommentar