Samandrag frå Mc Gee et. al:

Multimodalitet og New Literacy Studies

Først skal me sjå på desse disiplinane kvar for seg, og deretter la dei møtast og sjå kva dei har til felles. Multimodalitet vil vere måten eit uttrykk kjem til syne på i ein tekst, og blir på eit vis dei materielle kvalitetane i teksten.

Historisk perspektiv:
Utviklinga til og opprinninga av multimodalitet, og måten den kommuniserer ikkje-lingvistiske  fenomen på, kjem til uttrykk her. På same tid vart eit parallelt teoretisk felt utvikla innan literacyfeltet. Shirley Brice Heath utga "Ways with Words" i 1983, som markerte tre ulike literacypraksisar i tre samfunn i Carolina.  Her kom det fram at kvar av desse samfunna praktiserte literacy på ulike måtar. Berre i eitt av samfunna, i middelklassesamfunnet Maintown, hadde barna ein literacy-praksis heime som samsvarte med den dei lærte på skulen. Det var tydeleg at literacy var eit  uttrykk for den sosiale tilhøyrsla dei hadde. 

På same tida gjorde Brian Street liknande studier i Iran. Her kom det også fram at literacyen var ideologisk forankra i ulike miljø. I iranske småbyar på 70- talet studerte Street literacy-praksisar, og såg på bruk og innhald av tre typar sosial aktivitet: Koranskulane, den statlege, sekulære skulen, og kommersiell literacy som innebar kjøp og sal av frukt som skulle bli transportert til næraste marknadsplass.  Den sistnemnde  var vesensulik dei to første. Det viste seg, merkeleg nok, at det var  literacy-praksisen frå koranskulane som best klarte seg i kjøp- og salssituasjonen, og  ikkje den sekulære praksisen, som var innretta for urbane, moderne levesett. Literacy-praksisen frå koranskulane bar preg av mannsdominert, sosialt hierarki, og var den som ut til å fungere best i forhold til den tredje praksisen, som var knytt til ønsket om økonomisk vekst. Literacy-praksisen frå koranskulen  var best foreinlig med handelskommunikasjon og den gjeldande økonomiske praksisen, som innebar td oversikt over lister og teljing av frukt. Denne praksisen kjende nemleg best til kulturen i landsbylivet , noko den sekulære skulen mangla kjennskap til. Literacy-praksisen frå koranskulane ga status og autoritet til å gjennomføre kommersiell praksis. Her viste det seg altså at ein kom lengst med den praksisen som best identifiserte med sosial plassering og identitet. I følgje Street er literacy  i hovudsak ein sosial praksis. Ein literacy-praksis vart altså sett som ein del av vanleg kvardagsliv.

To tradisjonar samla til èin: New Literacy Studies og multimodalitet.

Etnografi som metodikk vart ei viktig tilnærming til literacy-praksis. I 1999 fann ein utviklinga av to nye tradisjonar: Den eine tekstskriving, i lag med andre  (multimodale) teikn som ga nye uttrykk. New Literacy Studies brukte etnografisk metodikk til å skjøne ei vidare meining av kvardagslivet.
Brian Sreet lag ei bru mellom dess to retningane, og førte multimodalitet til ein sosial kontekst.

Denne nye utviklinga i NLS peikar tydeleg mot multimodale uttrykk. Denne utvida meininga av literacyomgrepet peika på dagleg liv, og kom best til uttrykk gjennom samansette teikn og uttrykk: gjennom multimodalitet.

Pahl: "Eg har utvida konseptet lieracyhendingar og praksis til ideen om multimodale hendingar og praksis".

Sidan barn allereie gjer bruk av multimodal praksis, vil det vare gale av skulen å ikkje nytte seg av dette som eit medium for læring.

Kommentarer