”Thick description”
Refleksjonar rundt undersøkinga
Studenten Signe er 26 år. Sidan ho er oppvaksen i ein kvardag der internett er ein naturleg del av livet, blir ho interessant å skrive om når digitale vaner er tema. Nokre deltek i den digitale skriftkulturen i større grad enn andre. Det kan vere interessant å sjå kva som er typisk for mediebruken til Signe, og kor ho skil seg ut frå andre på hennar alder og i same livssituasjon.
Kven kommuniserer ho med digitalt, og korleis? I kor stor grad involverer ho seg med andre menneske digitalt, og gjer dette noko med det sosiale livet hennar totalt?
Eit literacydøgn
For å få ein oversikt over digital bruk ein vanleg dag i livet til Signe, vart dette kartlagt på eit skjema, som ho sjølv fylde ut.
Opplysningane eg fekk frå dette var svært oversiktelege, likevel var det fleire ting eg lurte på: til dømes kva ho gjorde denne dagen, tida utanom dei digitale aktivitetane, og om kva den digitale aktiviteten innebar. I etterkant intervjua eg Signe nærare.
Signe er fulltidsstudent, men denne dagen er undervisningsfri og ho er heime. Frå klokka 08.00 til kl 15.00 vekslar ho mellom ulike digitale aktivitetar heime hos seg sjølv. Utanom å sjekke når bussen går, er ettermiddagen i hovudsak digitalfri: ho er nokre timar på jobb, les i papirbok og får deretter besøk av ei venninne. Andre dagar kan ho vere på nett oftare. Det kjem ikkje fram i loggen om ho høyrer på musikk, radio eller podcast, truleg gjer ho ikkje det denne dagen.
Om ein skal dele opp den digitale dagen til Signe, kan dette illustrerast med to bolkar: ein ”pliktbolk” og ein ”avslappingsbolk”.
”Pliktbolken” her inneber praktiske og nødvendige aktivitetar som krav frå studiestad og arbeidsplass, men også kommunikasjon med andre- som Signe sjølv ikkje har teke initiativ til. ”Pliktbolken” til Signe er vekkarklokke, rutetabellar, men også e-post og ”messenger”. Her høyrer kanskje også vanlege tekstmeldingar heime.
”Avslappingsbolken” gjer seg gjeldande gjennom underhalding på YouTube og Instagram. Førstnemnde plattform følgjer ho visse kanalar med temaa kvardagshumor, sjølvutvikling, og kunst. Sistnemnde plattform, Instagram, skal me sjå nærare på, då ho ser ut til å ha ein sentral plass i kvardagen til Signe:
Å leve ut seg sjølv- digitalt
Kommentarer
Legg inn en kommentar